Årsmøte 2024

Styret2024,5.jpg

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I ROMSDAL SOGELAG 12. MARS 2024

 Stad: Romsdalsmuseet, kl. 19.00

Til stades: 43 personar

 Opning av møtet

Styreleiar Bjørn Austigard ønskte velkommen, opna møtet, refererte frå møtevedtektene og orienterte om programmet.

Det var ingen merknadar til innkallinga.

Val av ordstyrar, referent og underskrivarar

Bjørn Austigard vart valt til ordstyrar og Mads Langnes til referent. Astrid Skarsbø og Øyvind Vestad vart valde til å underskrive protokollen.

Årsmelding for 2023

Styret sitt framlegg til årsmelding for 2023 vart gjennomgått av ordstyrar. Det var ingen merknadar og årsmeldinga vart godkjent.

 Revidert rekneskap for 2023

Ordstyrar refererte rekneskapen med revisorrapport for 2023. Det kom ingen merknadar eller spørsmål, og rekneskapen vart godkjend.

Arbeidsprogram og budsjett 2024

Ordstyrar gjekk gjennom arbeidsprogrammet og refererte budsjettet for 2024. Det var ingen merknadar, og både arbeidsprogrammet og budsjettet vart vedtekne.

Kontingent for 2025

Styret gjorde framlegg om å auke kontingenten frå kr. 350 til kr. 375 for 2025. Framlegget vart vedteke utan merknadar.

Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

 Referat frå Margit og Morten Parelius’ minnefond

Ordstyrar refererte kort årsmelding og rekneskap for fondet. Dette er eit vedtektsfesta referat og skal ikkje godkjennast av årsmøtet i Romsdal sogelag. Ingen hadde merknadar til referatet.

Val

Stig Ove Voll (leiar) la fram valkomiteen si innstilling til leiar, styremedlemmar, varamedlemmar, redaktørar og revisor.

Alle val vart vedtekne med akklamasjon utan motkandidatar.

Desse vart valde:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmar: Solveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år). Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Varamedlemmar: Turid Leirvoll Øverås (attval), Dag Skarstein (attval) og Britt Iren Neergård (ny), alle for 1 år.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

Revisor: Konrad Moe og vara Øyvind Aasgård (begge attvalde for 1 år).

 Valkomité: Rolf Solbakken (attval for 1 år), Elisabet Tangen (attval for 1 år) og Terje Thingvold (ny, for 1 år).

 


I samband med valet under årsmøtet for 2023 kom det ein kommentar frå salen om at det reint formelt burde vore valt to revisorar, og ikkje ein revisor og ein vara. Ordstyrar bad om orsaking for at det ikkje vart lagt fram ei sak om dette under årsmøtet 2024, og opplyste om at styret vil leggje fram ei sak til neste årsmøte.

 


Årsmøtet avslutta kl. 19.40.

 

 

 

Anna

Etter det formelle årsmøtet takka styreleiaren for tilliten og attvalet. Det vart også delt ut blomar og takk til Randi Ingunn Selnes som gjekk ut av styret. Det var så servering av kaffi og kaker.

Som ei avslutting var det framvising av «Fisk eller forlis - Hustadvika» (NRK / Hans Christian Alsvik, 1969) med filmglimt, intervju og kulturhistorie frå Romsdalskysten, samt avspeling av lydopptak med Eirik Moen som las eit stykke frå boka «Det datt ned ein binders» (1993).

 

 

 

 

 

 

 


Mads Langnes

Referent

 

 

 

 

 

 

____________________ ____________________

Astrid Skarsbø Øyvind Vestad


Publisert 14. Mar 2024

Siste nytt

Slide1.jpg
15. Apr 2024

Skrivekurs

Invitasjon frå Haram historielag. Åpne bildet i ny fane, så blir det meir lesbart.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

Styret2024,5.jpg
14. Mar 2024

Årsmøte 2024

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

> NYHETSARKIV