Historikk

I styret for Romsdal sogelag har det vore kontinuitet. Nils Parelius (t.h.) tok over som tredje formann i 1958 og sat til 1984 då Bjørn Austigard tok over. (foto Tone Rød 4. des. 1987 - tatt i samband med lansering av årsskrift 1987).

Romsdal sogelag vart stifta i 1921 med Romsdal Ungdomssamlag som fødselshjelpar. Regionale historielag vart stifta over store delar av landet i desse åra. Første styret var samansett av medlemmer som var spreidde over heile Romsdal: Bjarte Rekdal, formann, J. Nørbech, skrivar, A. O.Sand og Agnar Skeidsvoll styremedlemmer. Varamenn: Knut Foss og Hermann Baartveit. Bjarte Rekdal døydde alt året etter, og Jørgen Olafsen-Holm tok over som leiar i 1922. Han sat til han døydde i 1957. I 1958 vart Nils Parelius vald. Han kjende lagnaden til dei to forgjengarane sine og uttala på sin karakteristiske måte: «Jeg vil gjerne vise at det går an å overleve et formannskap i Romsdal sogelag», derfor trekte han seg i 1984 etter 26 år som formann. Bjørn Austigard vart då valt til leiar og i 2018 har han 34 år bak seg. Fire leiarar på 97 år tyder på kontinuitet!

Årsskriftet står sentralt i lagsarbeidet. Ein eigen redaksjonen tek seg av dette. 82 årsskrift med tilsaman ca.15.000 sider er hittil publisert. Alle årsskrift t.o.m. 2017 er lagt ut på nettet i fulltekst. I tillegg til årsskriftet har laget publisert omlag 60 temabøker. Dei fleste av desse har komme dei siste 40 åra. 

Fram til 1970-åra hadde Romsdal sogelag kring 220 medlemmer og økonomien var trong. I 2008 nådde medlemstalet ein topp på 1.056, og har sidan halde seg rundt 1.000. Den økonomiske situasjonen er tilsvarande betra. Ein har spesielt merka seg at utflytta romsdalingar både i første og andre generasjon har meldt seg inn som medlemmer. Ordninga med vervepremie har verka positivt.

Margit og Morten Parelius' minnefond vart oppretta i 1996 etter testamentarisk gåve frå søskenparet Helene og Nils Parelius. Romsdal sogelag har to representantar i styret.


Dette er omtalen det første årsskriftet fekk i Romsdals Budstikke 14/12 1921:

Romsdals sogelags første årsskrift utsendes i disse dage. Skriftet har fått et meget pent utstyr. Allerede omslaget vil sikkert begeistre alle romsdøler. Omslagstegningen, som er utført i flerfarvet trykk efter maleri av John Langseth, symboliserer Romsdalshornet som Odin, en jetteskikkelse med visdommens horn i panden og en liten skål i hånden. På den annen side av Rauma symboliserer Soggefjellet sagaen, som løfter hodet og taler til Odin. Hun er ung og har en lysende sol i pannen. – Billedet er formet over følgende vers i den eldre Edda: ”Søkkvabekk heiter den fjorde sol, over den brusar svale bylgjor. Odin og Saga alle dagar gladeleg drikk av gyldne skåler”. Også innholdet byr på meget av interesse. Overrettssakfører Olafsen-Holm påbegynner en lengere avhandling om Romsdalens historie. – Fhv. sogneprest Olafsen skriver om ”Jordbruk og havebruk i Romsdalen i eldre tid”. – Knut Foss skriver om ”Fra vår folkeskoles barndom”. Ellers er det ”Tresfjordsegner” og ”Futen Eeg og bønderne på Daugstad og Villa.” ved Agnar Skeidsvoll, og ”Gamle vermerkje frå Fræna og Bud” ved Anton Aure. Skriftet koster 3 kr. og den som kjøper det er medlem av Romsdals sogelag.