Det datt ned ein binders
Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.
Siste nytt
Årsskrift 2025 snart klart
Det blir lansering av Årsskrift 2025 på Krona, Romsdalsmuseet 6. november kl 12. Noen av forfatterne vil være til stede og presentere sine artikler.
Det blir salg av boka, samt at medlemmer kan hente sitt eksemplar. Årsskrift blir forøvrig sendt ut til alle medlemmer i uke 46.
Ny bok av Bjørn Austigard
Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450. Medlemsprisen er kr 390.
Nye bygdasongar
Det utrettelige komponist-radarparet Guttorm Ulvund og Arnold Farstad har nett kome med to nye melodiar til songane Bud og Hymne til Sekken. Sjå under Bygdesongar. Redaksjonen manglar forfattaropplysingar om begge desse songane. Kan nokon hjelpe oss?
Nytt styre i Romsdal sogelag
Det nye styret etter konstituering
Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.
