Bli medlem

Pr. 1. januar 2022 er medlemstalet rundt 850.

Kontingenten for 2022 er kr 350,- og i denne prisen er årsskriftet inkludert. Årsskrift kjem vanlegvis i november/desember.

Her kan du bli medlem


Vervepremie
Den som vervar seg sjølv eller andre får vervepremie i form av tre eldre årsskrift. Aktuelle årsskrift finn du her .

Nye medlemmer?
Det siste året har Romsdal sogelag mist ein god del fleire medlemmer enn vanleg. Sjølv om nye kjem til, er det ikkje nok til å halde medlemstalet oppe. Dei fleste er strokne fordi pårørande melder frå om at han eller ho er død, men det finst sjølvsagt også nokre som melder seg ut på grunn av høg alder eller dårleg helse.

I mange år har medlemsverving stått på dagsordenen. Dei siste åra har vervepremien vore to eldre årsskrift til den som vervar eitt nytt medlem.

Denne gongen vil vi auke/forandre vervepremien til tre årsskrift i håp om at dette vil hjelpe på vervelysta. Husk at eit medlemskap kan vere ei fin gåve til vener/jubilantar som "har alt".