Til alle medlemmer i Romsdal sogelag

Årsmøtet som skulle haldast 17. mars, blei som kjent avlyst. Val av leiar og styre blei dermed ikkje halde, men både leiar og resten av styret held fram i sine verv til nytt årsmøte kan haldast. Dette gjeld også redaksjonen og arbeidet med Årsskrift 2020 er i full gang.

Turen vi planla den 25. april har vi utsett på ubestemt tid. Dei som har meldt seg på, blir no strokne, og dei som allereie har betalt, får pengane returnert til den kontoen pengane kom frå.

Det er uråd å seie om det blir nokon tur på denne sida av sommaren, eller i det heile i år. Eventuell ny tur vil bli godt annonsert.

Styret


Publisert 18. Mar 2020

Siste nytt

lansering.jpg
10. Nov 2025

Lansering av Årsskrift 2025

Romsdal sogelags årsskrift 2025 ble lansert i auditoriet på Krona/Romsdalsmuseet torsdag 6. november med omkring 60 frammøtte og god stemning. Bjørn Austigard, Åse Juveli Berg, Anne Juveli Ludvigsen, Øyvind Aasgård og Kenneth Staurset Fåne slapp til med korte presentasjoner av sine artikler. Medlemmer kunne motta sine eksemplarer av den rykende ferske boka som fikk positiv omtale og mange lovord.

Hele16 av artikkelforfatterne møtte under lanseringa av årsskriftet på Krona torsdag 6. nov. -25.

Framme fra venstre: Kenneth Staurset Fåne, Annlaug Lianes, Nanna J. Lange Bugge, Oddbjørn Skjong, Øyvind Aasgård, Svein Olav Sivertsen, Marit Hovdenak og Kjell Jarle Bjørnerem. Bak fra venstre: Bjørn Ringstad, Hans Petter Gjerdset, Max Ingar Mørk, Bjørn Austigard, Daniel Holøien, Anne Juveli Ludvigsen, Åse Juveli Berg og Terje Thingvold

mmom2.jpeg
23. Sep 2025

Ny bok av Bjørn Austigard

Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450. Medlemsprisen er kr 390.

10. Aug 2025

Nye bygdasongar

Det utrettelige komponist-radarparet Guttorm Ulvund og Arnold Farstad har nett kome med to nye melodiar til songane Bud og Hymne til Sekken. Sjå under Bygdesongar. Redaksjonen manglar forfattaropplysingar om begge desse songane. Kan nokon hjelpe oss?

12. Mar 2025

Nytt styre i Romsdal sogelag

Det nye styret etter konstitueringStyret RS 2025,1Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.

> NYHETSARKIV