Ny bok av Bjørn Austigard
Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450.
Dei 4 siste kassene med "Minne om mangt" er henta frå EKH Grafisk.
Boksalet har gått godt, og folk er fornøgde. Utanom dei tradisjonelle bokhandlane er boka til sals på Romsdalsmuseet, Joker Kleive og Coop Eresfjord, eller direkte frå Romsdal sogelag, då er medlemsprisen kr 390.
Dette er ei artikkelsamling med tema som Bjørn Austigard har samla i meir enn 50 år. Samlararbeidet og skrivearbeidet til Bjørn har nærast gått i eitt alle desse åra, likevel har han hatt stoff liggande upublisert. Dei fleste av artiklane er derfor nyskrivne, men det er somme som er trykt opp at fordi fleire opplysningar har komme til. Det siste gjeld t.d. Lars Talgø og brurkronene hans, rosemålaren Ola Vikhjella frå Innfjorden og felemakaren Sigurd Øverås frå Eresfjord/Kristiansund. Takka være Romsdalsmuseets fotoarkiv er boka gjennomillustrert med aktuelle bilde: Byggeskikk og interiør, natur og folk. Seks amatørfotografar blir presenterte, mellom dei Jakob Christian Jakobsen. Eit omfattande register gjer det lett å finne fram.
Elles finn du her artiklar om tema knytta til blant anna Romsdalsmuseets samlingar, personbiografiar om nokre interessante personligheitar, hus og byggeskikk, natur- og kulturhistorie og ymse anna. Ei artikkelsamling full av god dokumentasjon frå Romsdalsregionen.
Siste nytt
Ny lokalhistorisk bok
Lansering av boka på kafeen på Joker Kleive 22. desember 2025 kl. 18.00
Lansering av Årsskrift 2025
Romsdal sogelags årsskrift 2025 ble lansert i auditoriet på Krona/Romsdalsmuseet torsdag 6. november med omkring 60 frammøtte og god stemning. Bjørn Austigard, Åse Juveli Berg, Anne Juveli Ludvigsen, Øyvind Aasgård og Kenneth Staurset Fåne slapp til med korte presentasjoner av sine artikler. Medlemmer kunne motta sine eksemplarer av den rykende ferske boka som fikk positiv omtale og mange lovord.
Hele16 av artikkelforfatterne møtte under lanseringa av årsskriftet på Krona torsdag 6. nov. -25.
Framme fra venstre: Kenneth Staurset Fåne, Annlaug Lianes, Nanna J. Lange Bugge, Oddbjørn Skjong, Øyvind Aasgård, Svein Olav Sivertsen, Marit Hovdenak og Kjell Jarle Bjørnerem. Bak fra venstre: Bjørn Ringstad, Hans Petter Gjerdset, Max Ingar Mørk, Bjørn Austigard, Daniel Holøien, Anne Juveli Ludvigsen, Åse Juveli Berg og Terje Thingvold
Ny bok av Bjørn Austigard
Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450.
Dei 4 siste kassene med "Minne om mangt" er henta frå EKH Grafisk.
Boksalet har gått godt, og folk er fornøgde. Utanom dei tradisjonelle bokhandlane er boka til sals på Romsdalsmuseet, Joker Kleive og Coop Eresfjord, eller direkte frå Romsdal sogelag, då er medlemsprisen kr 390.
Nye bygdasongar
Det utrettelige komponist-radarparet Guttorm Ulvund og Arnold Farstad har nett kome med to nye melodiar til songane Bud og Hymne til Sekken. Sjå under Bygdesongar. Redaksjonen manglar forfattaropplysingar om begge desse songane. Kan nokon hjelpe oss?
