Årsskrift 2019

Vi er litt tidlegare ute i år enn vanleg. Årsskriftet blei sendt i posten den 15. november. Mange har nok fått det levert direkte allereide.

Publisert 18. nov. 2019

Siste nytt

18. nov. 2019

Årsskrift 2019

Vi er litt tidlegare ute i år enn vanleg. Årsskriftet blei sendt i posten den 15. november. Mange har nok fått det levert direkte allereide.
jY3Bqovb.jpeg
30. mai 2019

Kongens fortenestemedalje til Bjørn Austigard

Vår kjære styreleiar sidan 1984 er tildelt Kongens fortenestemedalje. Han fekk medaljen overlevert av Moldes ordførar ved ei høgtideleg tilstelling på Romsdalsmuseet den 29. mai 2019. Bjørn får medaljen for sitt omfattande arbeid med lokalhistorie både som tilsett ved Romsdalsmuseet og som leiar for Romsdal sogelag. Det vart lagt stor vekt på hans omfattande produksjon av lokalhistorie og hans innsats for formidling av lokalhistoria.
8. mars 2019

Årsmøte 6. mars 2019

Årsmøtet vart halde på Gildehallen der ca. 40 medlemmer møtte. Etter årsmøtet var det musikkinnslag av elevar frå Molde musikkskole og ein svært interessant presentasjon av prosjektet som Nesset historielag har, der dei videointervjuar eldre folk frå kommunen. Vala på årsmøtet var stort sett attval, med det viktige unntaket at Rolf Strand går av som redaktør av helsemessige årsaker. Randi Ingunn Selnes kjem inn i staden. Resultatet av valet og konstitueringa av styret er ført opp nedanfor.
Gjensidige.jpg
28. okt. 2018

Bok om kyrkjene i Romsdal

Vi planlegg å gje ut ei bok med omtale av alle kyrkjene i Romsdal. Max Ingar Mørk er engasjert som forfattar. Vi tek sikte på at boka kjem ut i 2021.
 
Takk til @Gjensidige Forsikring Nordmøre og Romsdal som gjennom Dugnadsløftet har gitt oss støtte til "Kyrkjene i Romsdal"

> NYHETSARKIV