Årsmøte 6. mars 2019

Årsmøtet vart halde på Gildehallen der ca. 40 medlemmer møtte. Etter årsmøtet var det musikkinnslag av elevar frå Molde musikkskole og ein svært interessant presentasjon av prosjektet som Nesset historielag har, der dei videointervjuar eldre folk frå kommunen. Vala på årsmøtet var stort sett attval, med det viktige unntaket at Rolf Strand går av som redaktør av helsemessige årsaker. Randi Ingunn Selnes kjem inn i staden. Resultatet av valet og konstitueringa av styret er ført opp nedanfor.

Leiar: Bjørn Austigard 
Nestleiar: Dag Skarstein 
Skrivar: Mads Langnes 
Kasserar: Solveig Flemmen
Styremedlem: Rolf Strand 
Varamedlemmer: Kenneth Staurset Fåne, Rannveig Jenset og Randi Ingunn Selnes

Revisor: Konrad Moe, vara: Rolf Solbakken 
Redaktørar: Bjørn Austigard, Dag Skarstein, Randi Ingunn Selnes

Valgkomité:  Jørn Sorthe, Stig Ove Voll og Jarle Sanden


Publisert 8. Mar 2019

Siste nytt

Lansering av bok.jpg
9. Dec 2025

Ny lokalhistorisk bok

Lansering av boka på kafeen på Joker Kleive 22. desember 2025 kl. 18.00

lansering.jpg
10. Nov 2025

Lansering av Årsskrift 2025

Romsdal sogelags årsskrift 2025 ble lansert i auditoriet på Krona/Romsdalsmuseet torsdag 6. november med omkring 60 frammøtte og god stemning. Bjørn Austigard, Åse Juveli Berg, Anne Juveli Ludvigsen, Øyvind Aasgård og Kenneth Staurset Fåne slapp til med korte presentasjoner av sine artikler. Medlemmer kunne motta sine eksemplarer av den rykende ferske boka som fikk positiv omtale og mange lovord.

Hele16 av artikkelforfatterne møtte under lanseringa av årsskriftet på Krona torsdag 6. nov. -25.

Framme fra venstre: Kenneth Staurset Fåne, Annlaug Lianes, Nanna J. Lange Bugge, Oddbjørn Skjong, Øyvind Aasgård, Svein Olav Sivertsen, Marit Hovdenak og Kjell Jarle Bjørnerem. Bak fra venstre: Bjørn Ringstad, Hans Petter Gjerdset, Max Ingar Mørk, Bjørn Austigard, Daniel Holøien, Anne Juveli Ludvigsen, Åse Juveli Berg og Terje Thingvold

mmom2.jpeg
23. Sep 2025

Ny bok av Bjørn Austigard

Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450.

Dei 4 siste kassene med "Minne om mangt" er henta frå EKH Grafisk.
Boksalet har gått godt, og folk er fornøgde. Utanom dei tradisjonelle bokhandlane er boka til sals på Romsdalsmuseet, Joker Kleive og Coop Eresfjord, eller direkte frå Romsdal sogelag, då er medlemsprisen kr 390.

10. Aug 2025

Nye bygdasongar

Det utrettelige komponist-radarparet Guttorm Ulvund og Arnold Farstad har nett kome med to nye melodiar til songane Bud og Hymne til Sekken. Sjå under Bygdesongar. Redaksjonen manglar forfattaropplysingar om begge desse songane. Kan nokon hjelpe oss?

> NYHETSARKIV