Parelius-seminaret 2016

I Romsdalsmuseets nybygg, Krona, tirsdag 12. april kl. 18.30

Emne: Lokalhistorisk arbeid i Romsdal. Kva med framtida?

Romsdal sogelag tilbyr skysstilskot.
I år skal vi prøve noko nytt. Vi inviterer alle sogelag/historielag i dei 8 romsdalskommunane, og etter det vi veit, fordeler dei seg slik, alfabetisk oppsett:
Aukra kommune: Aukra sogenemnd (kommunalt oppnemnd)
Fræna kommune: Fræna sogelag, Bud sogelag og Hustad sogelag
Midsund kommune: Midsund slekt- og historielag
Molde kommune: Her har Romsdal sogelag kontoradresse/ekspedisjon/lager
Nesset kommune: Nesset historielag –  under etablering?
Rauma kommune: Rauma historielag, Mittet historielag, Grytten/Veblungsnes historie-lag, Møsbrømnasinj sogelag (Innfjorden),Vågstranda sogelag og Voll kulturlag(?)
Sandøy kommune: Sandøy sogenemnd(?)
Vestnes kommune: Vestnes sogelag
For å få folk til å komme til seminaret vil vi (Romsdal sogelag) tilby alle laga skysstilskot (etter nærare avtale, t.d. ein bil pr. kommune). Elles er det open invitasjon til alle interesserte. Kvar kommune får frå 5-10 minutt til å presentere lagsarbeidet. Det er bindande påmelding for å ha kontroll med kor mange som kjem. Påmeldingsavgift pga. servering: kr 100,-
Seminaret startar kl 18.30. Første timen går med til presentasjonen – om styret, medlemskap, aktivitetar, økonomi, publikasjonar, sal/distribusjon m.m. Pause.
Andre timen: Generalsekretær Tor Anders Bekken Martinsen i Landslaget for lokalhistorie fortel om lokalhistorierørsla sett frå sin plass, og svarar elles på spørsmål frå lokallaga. Det er ni år sidan sist eit slikt møte vart arrangert her i Romsdal.
Slutt ca. 21.00

Publisert 23. Feb 2016

Siste nytt

12. Mar 2025

Nytt styre i Romsdal sogelag

Det nye styret etter konstitueringStyret RS 2025,1Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.

12. Mar 2025

Leiarskifte i Romsdal sogelag

På årsmøtet 11. mars 2025 blei Kenneth Staurset Fåne valgt som ny styreleiar, som den 5. i rekka, etter Bjørn Austigard som gjekk av etter 50 år i styret og 41 år som leiar.Bjørn og Kenneth

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

> NYHETSARKIV