Referat frå årsmøtet i Romsdal sogelag 2022
Bjørn Austigard blei attvald som leiar, men tok ikkje attval som redaktør! Per Arnt Harnes er frå no av hovedredaktør for Årsskrift og eventuelle ekstrabøker.
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I ROMSDAL SOGELAG 15. MARS 2022
Stad: Gildehallen, Romsdalsmuseet, kl. 19.00
Til stades: 38 personar
Opning av møtet
Nestleiar Dag Skarstein ønskte velkommen, opna møtet og orienterte om statuttane for laget. Styreleiar Bjørn Austigard hadde forfall grunna sjukdom.
Det var ingen merknader til innkallinga.
Val av ordstyrar, referent og underskrivarar
Dag Skarstein vart valt til ordstyrar og Mads Langnes til referent. Gunn Haugland og Nils Tore Gjerde vart valde til å underskrive protokollen.
Årsmelding for 2021
Styret sitt framlegg til årsmelding for 2020 vart gjennomgått av ordstyrar. Det var ingen merknadar og årsmeldinga vart godkjent.
Revidert rekneskap for 2021
Kasserar refererte rekneskapen med revisorrapport for 2021. Det kom ingen merknader eller spørsmål og rekneskapen vart godkjend.
Arbeidsprogram og budsjett 2021
Ordstyrar gjekk gjennom arbeidsprogrammet og refererte budsjettet for 2022. Det var ingen merknader og både arbeidsprogrammet og budsjettet vart vedtekne.
Kontingent for 2023
Styret gjorde framlegg om å halde fast på ein kontingent på kr. 350. Framlegget vart vedteke utan merknader.
Innkomne saker
Det var ingen innkomne saker.
Referat frå Margit og Morten Parelius’ minnefond
Kasserar refererte kort årsmelding og rekneskap for fondet. Dette er eit vedtektsfesta referat og skal ikkje godkjennast av årsmøtet i Romsdal sogelag. Ingen hadde merknader til referatet.
Val
Valkomiteens forslag vart lagt fram av ordstyrar. Alle val vart vedtekne med akklamasjon utan motkandidatar.
Desse vart valde:
Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)
Styremedlemmer: Solveig Flemmen og Randi Ingun Selnes (begge attvalde for 2 år). Mads Langnes og Dag Skarstein var ikkje på val.
Varamedlemmer: Kenneth Staurset Fåne, Turid Leirvoll Øverås og Morten Øveraas (alle attvalde for 1 år).
Redaktørar: Per Arnt Harnes (attval for 1 år), Dag Skarstein (attval for 1 år) og Turid Leirvoll Øverås (ny, for 1 år).
Revisor: Konrad Moe og Øyvind Aasgård (begge attvalde for 1 år).
Valkomité: Anne Marie Nauste Myhre (leirar), Stig Ove Voll (attval for 1 år) og Rolf Solbakken (ny, for 1 år).
Årsmøtet avslutta kl. 19.30.
Anna
Etter det formelle årsmøtet vart det delt ut blomar til Max Ingar Mørk for innsatsen som forfattar av boka «Kyrkjene i Romsdal». Det var så servering av kaffi og kaker.
Max Ingar Mørk heldt så eit innlegg og viste bilete frå boka «Kyrkjene i Romsdal». Boka tek føre seg alle kyrkjene i Romsdal og vart gjeve ut som årsskriftet til Romsdal sogelag i 2021.
Mads Langnes
Referent
____________________ ____________________
Gunn Haugland Nils Tore Gjerde
Siste nytt
Årsskrift 2025 snart klart
Det blir lansering av Årsskrift 2025 på Krona, Romsdalsmuseet 6. november kl 12. Noen av forfatterne vil være til stede og presentere sine artikler.
Det blir salg av boka, samt at medlemmer kan hente sitt eksemplar. Årsskrift blir forøvrig sendt ut til alle medlemmer i uke 46.
Medlemmer kan kjøpe flere eksemplarer til medlemspris kr 375.
Ny bok av Bjørn Austigard
Boka vart lansert på Krona, Romsdalsmuseet 7. oktober, men kan framleis tingast direkte frå oss. Pris kr 450. Medlemsprisen er kr 390.
Nye bygdasongar
Det utrettelige komponist-radarparet Guttorm Ulvund og Arnold Farstad har nett kome med to nye melodiar til songane Bud og Hymne til Sekken. Sjå under Bygdesongar. Redaksjonen manglar forfattaropplysingar om begge desse songane. Kan nokon hjelpe oss?
Nytt styre i Romsdal sogelag
Det nye styret etter konstituering
Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.
