Til minne om Sigrid Helland og hennar familie

Til minne om: Person
Type: Tavle
Kommune: Vestnes
Stad: Helland
År: 1998/2012

Innskrift forside:

TIL MINNE OM
SIGRID HELLAND OG HENNAR FAMILIE
 
Sigrid Helland ga garden Hellandmyra til "Møre og Romsdal
støttelag for åndssvake" i 1953.
Hellandheimen vart namnet på institusjonen som seinare
opna på garden den 28. september 1958.
 
Møre og Romsdal fylkeskommune overtok eigedomane og
institusjonsdrifta i 1972.
Institusjonen vart avvikla i 1991 og Vestnes kommune
overtok avviklingsdrifta og mykje av den tidlegare garden.
Gjennom gåva skapte familien til Sigrid Helland ein god heim
og ein sentral samfunnsinstitusjon som sette spor.
Minnesmerket er reist i takksemd.
 
Vestnes kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune

Innskrift bakside:

 
 

Omtale:

Minneplata var opprinneleg plassert på stammen av eit tuntre på garden Myra. Treet måtte hoggast då det kom ny vegtrasè utanom Vestnes sentrum.Minneplata vart avduka av Bjørn Johansen og ordførar Petter Inge Bergheim 26. juni 1998.Trestammen tolte ikkje "tidas tann" og vart erstatta av ein stein frå jorda på garden Myra. Ny-avdukinga skjedde i 2012, også denne gongen av Bjørn Johansen.

Les meir:

Per Bjørn Ellingseter: "Hellandheimen 1958 - 1992 + litt før og etter". - Vestnes kommune, 2018.
Bilde nr. 3a.JPG Bilde nr. 3b.JPG