Til minne om [...] Eris Fanatow

Til minne om: 2. verdskrig
Type: Minnestein
Kommune: Vestnes
Stad: Øvstedalen, Kleivavegen
Reist av: Tresfjord Museum
År: 1995

Innskrift forside:

Til minne om den sovjetiske
soldaten Eris Fanatow frå
Mariopol i Ukraina (No
Sjadanov), og hans hjelparar
i Tresfjord og Stordal.
 
Han rømde i november 1942 frå
fangeleir ved Åndalsnes og
kom til Vågstranda, Daugstad-
fjella og Øvstedal. Her fekk
han hjelp av søskena Petter,
Olav, Trygve, Agnar og Margit
Øvstedal.
 
Ei kald novembernatt i 1942
hjelpte Olav og Agnar
Øvstedal han over Kleiva til
Stordalsætrane. I Stordal
var han til krigen slutta. Han
fekk hjelp av familiane Lars
Petter Almås og Henrik
Seljehaug. Søskena Øvstedal
tok også mange turar over
Kleiva med mat og anna. Også
andre ytte stor hjelp.
 
- TRESFJORD MUSEUM 1995 -
 
Eiga tavle:
KLEIVAVEGEN 1989
øvsted4.jpg øvsted1.jpg øvsted2.jpg øvsted3.jpg