Sylte/Vestnes

Type: Grensestein
Kommune: Vestnes
Stad: Tresfjorden

Innskrift forside:

SYLTE
_________
 
VESTNES
 

Omtale:

Martinus Løvik skriv:
Steinen står i veggrøfta i Skorgen, eit par hundre meter sør for det gamle Brastad-skiftet. Baksida er dekt av jord 2/3 oppover, det står ikkje noko på den synlege delen og det er vel liten grunn til å tru det skulle vere noko lengre nede.  Gamle Vestnes herad vart delt i Vestnes og Sylte herad 1. januar 1899.  Ei nemnd hadde då førebudd delinga sidan 1895. Sylte herad fekk frå 28. april 1922 namnet Tresfjord herad. Steinen må slik vere sett opp mellom 1899 og 1922, truleg tidleg i denne perioden. Den 1. januar 1964 vart så ‘skilsmissa’ oppheva, og dei to kommunane vart samanslegne att til nye Vestnes kommune. 
20170401_163520.jpg 20170401_163654.jpg