Øystein Magnusson 1103 - 1123

Til minne om: Historisk stad
Type: Skulptur
Kommune: Fræna
Stad: Hustad
Reist av: Hustad Vel
År: 2003

Innskrift forside:

ØYSTEIN MAGNUSSON
1103 - 1123

Omtale:

Bautaen er reist til minne om kong Øystein som døydde under eit opphald på kongsgården Stim i 1123. Bautaen er reist nøyaktig 900 år etter at han vart valt til konge i Noreg.
Reist av Hustad Vel og folket på Hustad, med stønad frå Fræna kommune og Nasjonal Turistveg.
 
Sokkelen er laga av Nås Kalksteinsbrudd. Bronserelieffet av biletkunstnar Olsen i Ålesund.
 
I følgje Snorre hadde kong Øystein Magnusson kongsgard på Hustad og døydde her i 1123. Øystein var son til kong Magnus Berrføtt, halvbror til Sigurd Jorsalfare og var rekna som ein viktig riksbyggjar. På denne tid var det og truleg også ei kyrkje på garden. Forholdet mellom kongen og kyrkja var sentralt denne første tida og det er vanskeleg å tenkje seg ein viktig kongsgard utan ei kyrkje nær ved.
Kor lenge det har vore kongsgard på Hustad veit ein ikkje, men det er ikkje utenkjeleg at den går tilbake til Harald Hårfagre si tid.
På slutten av 1800-talet vart det sett opp ein bauta for å markere kongsgarden sjølv om den eksakte plasseringa er ukjent. Sjå: Eystein Magnusson
hustad1-1.jpg hustad1-2.jpg