Korsbøen

Til minne om: Historisk stad
Type: Bauta
Kommune: Aukra
Stad: Småge

Omtale:

Bautasteiner på Korsbøen g.nr. 4 br.nr. 4 på Småge i Aukra. På høgdedraget like sør for murane etter våningshuset her står det 2 bautasteinar.
Gamle segn knyter seg til desse steinane heilt tilbake til Olav den heilage si tid. Første biletet viser den største steinen som står lengst vest. Over
jorda stikk det opp vel 2 m. Breidda er 1,25 m. Steinen er nokså flat, ca. 0,35 m på det tjukkaste og endar i ein egg på toppen. På sørsida er det eit
slags fundament av steinar. Det er hogd inn Gossen. Gossen Ungdomslag skal ha gjenreist denne steinen i seinare tid. Ca. 20 m lenger aust står steinen
på den andre biletet. Denne er mindre og har ei anna form, ca.1,65 m høg og ca. 1,25 m på det breiaste. Steinen er meir jamtjukk, om lag 0,10m.
Det skal ha vore ein tredje stein her som ligg nede, 6-7 m aust for den siste. Ein ende stakk opp på skrå ca. 0,25 m over torva.
Tredje biletet viser hustuftene på Korsbøen som ligg litt nord for første steinen. Arne Småge som står og ser på murane, vart som 1-åring evakuert
hit saman med foreldra sine under krigen. Tyskarane tok heimen deira, og familien vart plasserte her av tyskarane saman med eigaren av Korsbøen.
(Oppl. av Randi Ingunn Selnes)
Korsbøen 1.jpg Korsbøen 2.jpg Korsbøen 3.jpg