Iver I. Rø og Ingebrigt A. Reksfjord

Til minne om: Person
Type: Minnestein
Kommune: Aukra
Stad: Riksfjordremma

Innskrift forside:

Iver I. Rø. Fød 1841. Ingebrigt A. Reksfjord. F. 1866. Aar 1887

Omtale:

Randi Ingunn Selnes skriv:  Ved gang-/sykkelsti mellom Gossen barne- og ungdomsskule og gapahuken på Riksfjordremma ligg det ein stor stein.
Her er det meisla inn namn. Tradisjonen seier at dette er namna på to personar som emigrerte til Amerika.
Teksta er: Iver I. Rø. Fød 1841. Ingebrigt A. Reksfjord. F. 1866. Aar 1887. Vi har funne at Iver var fotograf og hadde
arbeidd i Trondheim og Molde. Han var g.m. ei dame frå Riksfjord, nabogarden til der Ingebrigt var frå. Iver m. familie
utvandra til Amerika i 1872. Ingebrigt utvandra til Amerika i 1887, det året som står på steinen. Iver var då sikkert
heime ein tur og fekk med seg ungguten. Det er fint handtverk som er gjort i steinen her i 1887.
Første biletet viser steinen. Andre biletet er nærbilete med namna. Tredje biletet syner benkane kommunen har sett ut.
Der kan vi sitje og kvile, sjå på dei fint utmeisla bokstavane og undre oss på korleis det gjekk i Amerika.
 

Les meir:

 
Riksfjordremma1.JPG Riksfjordremma2.jpg Riksfjordremma3.JPG