Isak R. Sæther

Til minne om: Person
Type: Gravstein
Kommune: Molde
Stad: Nedre kirkegård
Reist av: Romsdal Distriktslosje nr. 8 av IOGT
År: 1917?

Innskrift forside:

IOGT-logoen
 
Bladmann
Isak R. Sæther
Føtt 6. sept. 1853
Døyd 10. mars 1917
 
I takksemnd røyst
av avhalsfolke
i Romsdal

Omtale:

Isak R. Sæther var fødd i Vatne på Sunnmøre i 1856. Når han kom til Romsdal veit eg ikkje, men i 1900 var han dreng hos fotograf John H. Gyldenaas, Gjerdsetbygda. I 1910 er han tittulert “agent” og budde på Øvre torg, Molde, dvs. der Rådhuset ligg i dag.
Isak R. Sæther var sterkt engasjert i IOGT både lokalt og regionalt. Isak var ugift, og losjevenner stod derfor for gravferda. Det var nok Romsdal Distriktslosje som stod bak. Steinen vart restaurert ein gong på 1960-talet av distriktslosjen, kanskje var det i 1967?

Les meir:

Omtala fleire gonger i: Romsdal Distriktslosje nr. 8 av IOGT, Molde 1949

Isak R. Sæther.gravstein (1).JPG