Dama

Type: Skulptur
Kommune: Fræna
Stad: Bjørnsund, Nordre
Reist av: Steinar Sandvik

Omtale:

"Dama" på innsida av Varhaugen er den andre av skulpturane Steinar Sandvig laga og gav til folket på Bjørnsund. Den blei oppsett 2-3 år etter "Isbjørnen", altså i 1953/54. Ei ungjente frå Bjørnsund sat modell for Sandvig. Det er to teoriar om kven "Dama" skal minne om. Den eine er at ho skal minne om Sandvigs eiga dotter som døde ung. Den andre tradisjonen er at skulpturen er til  minne om Gurine Rasmusdatter 1834-1912 som fekk 9 born, og berre ei jente kom til vaksen alder og vart gift. Også ho døydde før mora.
"Dama" er symbolsk plassert på innsida og speidar mot fastlandet..
 

Les meir:

Gammalt frå Fræna, 2007, s. 277
DSCN1397 (2).JPG DSCN1390 (2).JPG