Agnar Skeidsvoll

Til minne om: Person
Type: Minnestein
Kommune: Vestnes
Stad: Tresfjord museum
Reist av: Tresfjord museum
År: 1999

Innskrift forside:

Til minne om
AGNAR SKEIDSVOLL
Grundaren av museet,
vigsla 1949
Takk frå
Tresfjord Museum
1999
 

Omtale:

Per Bjørn Ellingseter skriv:

Han voks opp på garden Skeidsvoll i Tresfjord. Han gjekk på Jærens folkehøgskule og handelsskule. Frå 1916 til 1920 arbeidde han i bank. I 1922 vart han journalist i Gula Tidend, eit arbeid han hadde fram til 1928, då han vart redaktør i Firda Folkeblad. Han hadde denne stillinga fram til 1934. I 1934 vende han attende til Gula Tidend som redaktør. Han arbeidde som redaktør fram til 10. april 1940, då drifta vart stansa grunna den andre verdskrigen. Etter krigen arbeidde han i to år, frå 1946 til 1948, som disponent i Gula Tidend, og deretter vart han på nytt redaktør i avisa. Han måtte gå av i 1953 på grunn av dårleg helse.

Skeidsvoll var leiar for Norsk Bladmannalag frå 1936 til 1941, var lærar ved Bladmannaskulen i nokre år og var medredaktør for jubileumsskriftet til laget i 1938. Elles gav han mellom anna ut ei nynorsk reklamelære og ei namnebok. Skeidsvoll var også aktiv i fråhaldsrørsla, i kyrkjelege organ og i Bondeungdomslaget i Bergen, og han sat i styret for Vestmannalaget i åra 1946-1956. (Kjelde: Wikipedia).

Les meir:

Skeidsvoll, Agnar: Bygdebok for Tresfjord (1959).

Bilde nr. 6.JPG