Vårsong til Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Borge, Hjalmar
Melodi: Olav P. Venås



Og har du sett Romsdal ved jonsoktid,
då bjørka ho kleder i grønt vår lid,
og heggen han blømer ved elv.
Og endå er tindane kvite av snø,
om gras og blomar veks viljug på bø.
 
Frå øyane ute, der storhavet bryt -
til innarste stølen me femna det lyt
for du er vår kjæraste heim.
Ja, her er eg heime og kjenner meg glad,
difor vigslar eg deg dette mitt kvad.
 
Vår jord ho er steinut og mager å sjå,
men tindane høge, og fjorden so blå
dei ligg i vårt djupaste sinn.
So syng me so gjerne når ute me fer
at ingen stad, ingen stad venare er.
 
Når fossane veltar frå brattfjellet ned,
det dundrar i dalen av fonner og skred
og vårflaumen sildrar og går.
Me kjenner den striden i solrøyk og eim,
når vårdagen signar, ja signar vår heim.
 
Ja, Romsdal, mitt Romsdal, ditt fjell og din fjord
har gjeve meg kjærleik til Romsdal si jord -
som lever kvar ferda enn går.
I kyrkja ved fjorden der fekk eg mitt namn,
dit tankane gjerne vil sigla i hamn.