Vintersolkverv

Bygd: Hoemstinden
Kommune: Nesset
Tekst: Truls (Trond Utigard)
Kjelde: Unge Romsdal 1832 s. 337

Grå og huglaus vinterdagen,
kald og svart er natti long.
Kjennest som ein gjeng her naken,
saknar varme, ljos og song.
Skuggen i dei tronge dalar
sig som sott i sjeli inn.
Armodsvore folket balar,
stengt og myrkt det valne sinn.
 
Står og ventar, går og bier
i eit kaldt og vindthardt strok,
står og ser meg um og lyder,
høyrer berre smell og bråk.
Og eg går der som i svemne,
kalde gustar hjarta stryk,
ikkje tiltak, ikkje emne,
vonlaus att og fram meg dreg.
 
Vinglar rundt imellom draugar,
skodar etter veg og stig;
lyfter seg mot høgdi auga,
hjarta trass mot himlen skrik.
 
Men då står eg talgal, fjetra,
mot meg glim ein einsleg tind.
Er det draumsyn eller troll-ljos?
Som ein brising toppen brinn.
 
Å nei, å nei, sjå Hoemtind
kor han mot himlen strevar.
So gulkvit han i soli skin,
eit under, sjå han lever.
 
Ved kjempefot på harde fjell
seg skuggen kaldgrå breider.
Men strålelyn til dal og deld
skyt ut i alle leider.
 
Kvar dag med same høge mål,
si helsing vidt han sender.
Med kraft og hug som herda stål
han byrg seg til meg vender.
   
Frå skuggen ser eg denne nut
som seg mot høgdi hevar.
Det er meg som eit hovdingbod
til meg som modlaus driver.