Ved Svartevatnet

Kommune: Rauma
Tekst: Dale, Kristian H.
Melodi: Norsk stevtone/Den dag kjem aldri
Kjelde: Dikt frå kvardagslivet 2 / Kristian H. Dale. - Molde : Nordmøre og Romsdal Indremisjon, 2010



Ved Svartevatnet eg ligg og drøymer,
og gamle minner i mot meg strøymer.
Eg kjem i hug både då og då,
i hugen leikar det til og frå.
 
For her ved vatnet eg titt har vore,
og jamt eg kjende at godt det gjorde.
For reine lufta på fjell og fly,
ho kvikkar opp, so ein blir som ny.
 
Ved Svartevatnet, litt opp for osen,
eg ligg på ryggen i tørre mosen.
Og ser mot fjella med nut og tind,
som djupt i vatnet sin spegel finn.
 
Høyr bjølleklangen, i stille kvelden,
frå saueflokken i solfallselden.
Dei har det fint her på fjellet no,
med nok av mat og i fred og ro.
 
Høyr bekken surler med mjuke toner,
det lever alt med so lyse voner.
Frå dyr og fugl, til det grøne strå
- ja alt som auga ditt her kan sjå.
 
Heilt inn til snøen står fagre blomar,
og ler åt livet den korte sommar.
Ja, kort - men fager, det er han då,
eg kviler herleg mot mosen grå.
 
Her er so fredfullt, so fint og stille.
Kvi undrast du om eg hit opp ville.
Ein tur frå dalen, det kvardagsgrå,
litt opp i fjell-lufta rein og klår?
 
Snart sola sloknar - dei siste strålar,
i gull kvar fjelltopp so fagert målar.
Eit maleri i frå skaparhand,
ein fager bit av mitt fedreland.