Utlengt!

Bygd: Fannefjorden
Kommune: Molde
Tekst: Lie, Lilly
Kjelde: Unge Romsdal 1936 s. 181

Som liten lengta eg herifrå,
om ikkje lenger, so over Vestnesfjella.
Eg lengta til dagen eg skulde dra,
bort ifrå garden vår, ifrå barndomskjelda.

 

Eg voksen vart, og ut eg for,
eg vilde prøva mi ungdoms styrke.
Men sanna måtte eg desse ord,
min heim er kjærast bå’ helg og yrke.

 

For vidt eg reiste ikring i verda,
men aldri såg eg noko kjærare på ferda
enn du mi eiga heimstadjord,
som ligg der inne ved Fanefjord.