Under Vengetind

Bygd: Venjesdalen
Kommune: Rauma
Tekst: Bjerkreim, Tryggve
Melodi: Edmund Søvik



Her syng og susar det natt og dag,
og skodde-slør ligg i lette lag,
kring Romsdals-hornet og Vengetind.
Imot meg stryk det ein fjellfrisk vind.

Her grønkar fjellbjørk i kvar ei lid,
som ho hev grønka frå ævors tid.
Og kvite fenner i soli skin,
so kjøleg er dette lyse lin.

Frå toppen glider eit glitre-band,
ein bekk som brusar imot si strand.
Og der ligg fjellvatnet, klårt og stilt,
frå strandi lyfter seg fjellet vilt.

Her ser me fâr etter skapar-hand,
som eingong dana det fagre land
og over kvelvde ein himmel blå.
I blom og berg me hans makt kan sjå.

Der skin ei kveldsol på breden kvit;
igjenom skylaget skin det hit.
I vinternatti, i drivkvitt skrud,
ber stille stjernor eit bod frå Gud.

Når lidi livnar, det kved og syng.
Mot hausten lyser den raude lyng.
Og blide fjellblomar helsing ber
frå han som dana den vakre verd.

Og aller venast er Vengetind.
Frå fyrste stund tok han hugen min.
Han er so ljos ifrå topp til fot.
Han rørde vârt ved mi hjarterot.

Her krullar sky-ull seg kring deg tidt;
men elles lyser du milevidt.
Slik fekk eg sjå deg, ved gry, ved kveld.
Eg aldri gløymer det fagre fjell.