Uksnøy-songen

Bygd: Uksnøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Løvøy, Rasmus
Melodi: Sverre Midtgård
Kjelde: Ord ved hav

Rasmus Løvøy, d. 1994, var av dei tre siste som flytta frå Uksnøy


Slik ser me den øya der ute ved havet,
i soldis ho speglast mot himmelen blaa.
Med knausar og bakkar, med svaberg og vollar,
med tangkledde fjøra rundt viker og flu.
Saa herleg og godt er her ute å bu.
 
I skiftande tider paa land og paa sjøen
har her vaare fedrer skapt heimar og tun.
Her dyrka dei jorda paa steinute bøen,
her rodde dei fiskja med aarar og segl.
Ein minnerik tidbolk i yrkja og helg.
 
Ei samkjensle raader hjaa folket paa øya,
til kyrkje og kvardag me reiste i lag.
Den samhug med nesten ga trivsel og glede,
det daglege arbeid vart vonfullt og lett.
Ein skatt som er arva fraa ætt og til ætt.
 
I vinterens stormar blir tolmodet prøva,
men vaarbrisen kveikjer ein lengsel paa ny.
Naar fuglane legg seg paa reiret og dormar,
og seien  bit lystig ved tare og flu,
då dreg me til Uksnøy i lag, eg og du.
 
Der lunt i ei vik finn me støa og vorren.
Og oppe på haugen eit utsyn saa fritt.
Men inne i stovene kviskrar det minne
om tider som var, og til soga er blitt.
Ein fristad for hugen og tanken, saa tidt.