Tresfjordsong

Bygd: Tresfjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Nerheim, Anders B. (Jørn-Anders)
Melodi: Jørn-Anders/sats R.G. Haugene
Kjelde: Vestnes sogelags årsskrift 2000, s. 66



Tresfjord, mi bygd som du ligg der og smiler.
Fagraste staden på jorda eg ser!
Høgreiste fjell og med skogkledde lier,
slik er ho bygda der heimen min er.
Sei meg: Kvar finn du so fager ein stad?
Tresfjord, mi bygd, å du gjer meg so glad!

Tresfjord om våren i fagraste bunad,
(eg) ser meg utover og kjenner meg rik.
Sola dei snødekte toppane gyller,
det omar og syng i frå fossar og stryk.
Tresfjord, mi bygd, du er mi, du er vår.
Frå barndom og fram til dei grånande hår.