Til Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Haukaas, Hans
Melodi: Dei gamle fjell i syningom, eller: Eg elskar deg mitt fagre mål
Kjelde: Unge Romsdal 1944 s. 125



Vårt Romsdal skin i Noregs vår
ved Solskjell Hafrsfjord,
der Ingemund og Ragnvald står
i kjempering ombord.
Og Skofte, Vestnes-Nikolaus
og Eirik i frå Hen,
og Klungnes-Per og Øveraas
stend fremst imillom menn.
 
Vår Dreier på sin stubbe stend
og skriv sitt namn i blod.
Der Tordenskjold med sine menn
for flagget veldugt slo,
stod Reknes-Tønder fremst ilag
i Marstrand Dynekil.
So lyser gjenom Noregs dag
ei heltesoga gild.
 
Ja, Frekøysund og Husastad
med kongeskip på våg.
Frå Tornes Svein og Bergljot glad
som barn sitt Noreg såg.
Her Bjørnson fekk vengjer på
og vann seg over fjell,
og Blomebyen væn å sjå
i solglans sumarkveld.
 
Sjå Romsdalshornet ris i sky
med kjempor vidt ikring.
Vårt samlingsteikn for bygd og by
I Romsdal systkinring.
Og Veøy, Sekken minner ber
om kløyving, strid og tap.
Og eingong Noregs sol gjekk ned
der ut i Buagap.
 
Frå Stemshest sør til Miøysund
Atlanterhavet rår.
Frå denne rike fiskegrunn
me næring fær kvart år.
Og strender millom fjell og fjord
gjev grøda rik og god.
Eit sjølvhjelpt folk me var i Nord
og sterkt og friskt vårt blod.
 
Frå Hustadvik og Onahav
til Gudbrandsdal i aust
her stend eit folk i strid og kav
om fedrelandet traust.
Ja, folk og land dei kjær oss var
so vitnar soga all
og framtidsmerkjet titt me bar
i kamp på Noregs val.
 
So lat oss trutt på fedregrunn
på Romsdals lukka smi,
med fedremålet i vår munn
og fylgja med vår tid.
Då skal her bu i dal ved strand
ei ætt så gjev og sterk.
I truskap mot vårt folk og land
me fremjar fedraverk.