Til Eikesdal

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Einar Helde
Kjelde: Lovsongtonar / Einar Helde. - 2007

Skriven 1999


Du naturfagre Eiksedal
ei vise deg no prise skal.
Du ligg så lunt imellom fjell
der Mardalsfossen fell.
Slik låg du trygg i tusen år.
Her arbeidsfolk si næring får.
Frå barndom og til alder grå
dei trufast slite må.
 
Men stundom kom fiendehand
som truga folk og fedreland.
I april førti laut dei ut,
så mang ein dølagut.
Med hugsott huslyd heime sat.
Dei undrast: Vil dei koma att?
Om tap det vart, dei berga gull,
og fred kom underfull.
 
Til Sunndal Storelva vart ført,
så elvefar vart omtrent tørt.
Symbolsk erstatning bønder fekk.
Dei andre skuffa gjekk.
Men skogen veks, og graset gror.
Turismen har sett sine spor.
Før slit og strev, no stress og jag
så mang ein sommardag.
 
Den ætt som kjem, lik den som kvarv,
får nytte av vår fedrearv.
Men sovnar vi i striden vår,
vi aldri seier får.
Fjell vernar enno trygt Guds folk.
Og Ordet ropar etter tolk.
Som kyrkjespir står Hoemstind
for mange såre sinn.