Songen til Rausand

Bygd: Rausand
Kommune: Nesset
Tekst: Hammer, Agnes
Melodi: Thorolf Høyer-Finn



Så drøymande fager vi ser deg vår bygd,
mot himmelen kveldblå du smiler.
Du gav oss ein barndom i lukke og trygd
i bringa no minnene kviler.
Å, Rausand, vår heimbygd, du kjæraste stad,
vi ber deg i minnet om ut vi må dra,
vårt hjartas det dyraste eige.

 

Kring velstelte gardar med blømande voll,
der ætt etter ætt fekk sitt virke,
står storskogen liksom eit vernande skjold
og byd oss si kraft og sin styrke.
Men bakom ligg vidda og lokkar og ler,
der fjellbekken klukkar; «No kom berre her».
Du finn nok ein kvilstad heroppe.

 

Frå fjellet det blå kling no taktfaste slag,
der malm-åra snor seg innetter.
Her strevar dei mange i natt og ved dag
og slæst i mot oldtidens vætter.
Med livet som innsats, for heim og for land,
dei går til sitt arbeid der, mann etter mann.
Gud sign deira fårlige yrkje.

 

Ver stolt av di heimbygd du Rausanding kjær
kvarhelst enn i verda du vankar.
Så mjukt kling dei tonar som med deg du ber,
så varme dei innerste tankar.
Din heimstad deg saknar i vårkvelden lun,
derute på hella i velkjende tun,
ho mor turkar stilt bort ei tåre.

 

Så venda da heimatt til far og til mor,
der samlast med frendar kring åren.
Høyr suset på ny i frå høgfjell til fjord,
ein lovsong til nyskapte våren.
Kjenn eimen stig mot deg frå djup-pløgde jord.
Nei, er vil vi vera. Her slektene bur.
Gud signe dei heimlege tufter.