Song til Bud 2

Bygd: Bud
Kommune: Fræna
Tekst: Kristvik, Olav
Melodi: Ut mot havet av Edv. Fliflet Bræin
Kjelde: Kyrkjelydane ved Hustadvika s. 7-8

Olav Kristvik ved Tina Gjerde




Ut imot havet der storbåra rullar
ligg der eit nake eit verbarka land.
Husa ligg saman i lune små krullar
bøar og akrar seg breier ved strand.
Blåbrei og mektig hav-vidda femner
sterk kringom grågrønne holmar og skjær,
blenkjande fager når båtane stevner
ut til sitt arbeid der stimane fer.
 
Men ikkje alltid det blenkjer og glimar.
Stormfullt det reiser seg, skumskavla kvitt,
uhygeleg rasar dei natt-lange timar,
dauden da grin imot anletet ditt.
Velferd og liv ikkje sjøane ansar,
berg det du kan og la resten stå til.
Båtane høgt over kvitfjella dansar,
brotnar i kav dersom lagnaden vil.
 
Opp ifrå strendene lyngbrune myrar
ligg imot uværet aude og frys.
Arbeidsland nok for ein dugande styrar
som over landet sitt såkornet dryss.
Innanfor lyfter seg blånande toppar
høgt gjennom luft mot den signande sol,
som med sin varme dei brestande knuppar
opnar og finn fram or grågrønnne sjol.
 
Dette er heimen vår, verhard men fager,
lat oss no byggja han hugheilt i sinn.
Ingen kan seia at grunnen er mager,
søkklasta båtar frå havet sig inn.
Ungdom i arbeid på sjøen og jorda
livsfrisk og glad gjennom glede og sut
seier så hugheilt dei vonrika orda:
Her er vårt arbeidsrom gjente og gut.