Song til Bud 1
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Bud
Kommune: Hustadvika
Tekst: Kalset
Melodi: Lugn vilar sjøn
Kjelde: Kyrkjelydane på Hustadvika s. 7
Lærar Kalset ved Tina Gjerde

Du hav du rullar som du brukar
som gamalt inn mot gråsteinstrand.
Her inn mot Bud du framleis krusar
:/: ei sjøgrøn livd for båt og havn :/:
Den første som deg fekk og skoda,
det var ein mann som dreiv iland.
Ei skute knust mot flu og båar.
:/: Du vart den einaste på strand :/:
Ei venleg strand det her deg møtte,
med furuskog til fjæresand.
Og Hjorten såg på deg som noko
:/: som kom dit inn, og gild deg fann :/:
Tusen år det burt hev runne,
og brann hev herja skogen ned.
Og slekt som bygdes opp hev talmast
:/: og lagt i grav på ukjendt sted :/:
Bud påny seg opp att reiste.
Det var ein mann som søkte hamn.
Det var ein med viv og ungar
:/: som søkte inn til gråsteins-strand :/:
Han fann ein boplass der han skyna
at folk frå før av hadde budt.
Og eld av stål han der fekk skipa,
:/: det aldri meir i Bud tek slutt :/:
Dei slo seg til og slekta blandast
med folk der lenger inn på land.
Og skutor nord og sørfrå hadde,
:/: ei rettvis leid frå denne strand :/:
Tida gjekk og Bud det vaks seg til
fiskevær, og tingstad her.
Og folk frå ymse stader reiste,
:/: og fekk seg hugnadsstunder her :/:
