Song for dei som bur på Sekken

Bygd: Sekken
Kommune: Molde
Tekst: Vestad, Martin
Melodi: Hvor Atlanterhavet av Karl Groos



Sekken ligg og kviler
midt i Romsdalsfjord,
bygdene dei smiler
ut mot syd og nord,
solgull pryder øya
innved juletid
ifrå høgste høgda
ned til fjorden blid.
 
Fjorden er vår eigen,
høyrer Sekken til,
den er utfartsvegen,
leia heimatt - til,
kjent kring verda vide
- eitt av under sju,
ingen ved hans side
set me, eg og du.
 
Langs med strender grender
rundt omkring seg ter,
der det lever frender
som mot "Kana-an" ser,
men til lovnadslandet
slepp dei ikkje inn
utan kjærleiksbandet
fest hev deira sinn.
 
Fjell med makt og velde
kransa vart ikring,
stend frå tiders elde
fast i kjempering,
her var godt å tjelda
her var livd og trygd,
- ved dei norske fjella
finst det tidt ei bygd.
 
Inn i skaparverket
ætt steig etter ætt,
fall innunder merket
som i jord vart sett,
heimane fekk skapnad
medan tida skreid,
slit vart lønd med fagnad
heilt frå Herdebreid.
 
Me som ervde Sekken
vyrdsla vil vår øy,
verna godt om arven
både mann og møy.
Det som vondt mun vera
ikkje rot skal slå,
godt me jamt vil læra
og mot betre trå.
 
Skal den kunst me læra
lyt me heimatt nå,
fedrearven æra
og mot høgda sjå:
Inni himmelblånen
ligg ein stjerneheim,
der gjev Far og Sonen
livsens glimestein.