Sommernatt ved Rauma

Bygd: Romsdalen
Kommune: Rauma
Tekst: Mittet, Bernhard (Jo-Bertel)
Kjelde: Bygdeskalden Jo-Bertel

Bernhard Mittet (Jo-Bertel), (1903-1981) var bygda sin skald og skreiv mange dikt. Han hadde godt minne og kunne framføre dikta sine utan manuskript. Ei samling med utvalde dikt kom ut i 2020: Bygdeskalden Jo-Bertel / red. Bjarne Dahle, utg. Mittetdalen historielag. - 112 s. - ISBN 978-82- 303-47249

Her finn eg dei att,

rare barndomsminne.

Løynde sti i ur og kratt

kan eg enda finne.

 

Seljerunn ved elvefar,

der eg første fløyta skar

mens tonen vart køyvd i suset

frå Rauma i vårløysingsbruset.

 

Rauma - Rauma du er elva mi.

Om vår når du speglar ei lauvkledd li,

vil tanken attende til fara tid,

til ungdom og ljose drauma,

til sommernatt inne ved Rauma.

 

Så mang ein gong

ser eg atter i minne.

Høyrer atter fuglesong

og sus frå elva der inne.

 

Stundom er det mest eg ser

nøkken på si harpe sler.

Høyrer tonar flauma

i sommernatt ved Rauma.