Sommar i Eikesdal

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Oppigard, Helga Øverås
Melodi: Guttorm R. Ulvund, 2023, opus 106. Arr. av A. Farstad
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll

Skriven i 1952 og G.R. Ulvund laga melodien i 2023



No bygda mi er kledd som brud,
ho lyser i sitt høgtidsskrud.
Og fuglar syng oppunder sky –
ein herleg sommarmorgon ny!

 

Det blømer over bø og voll
og heggen sprett i li og koll.
I hagen min det lyser kvitt,
å Herre Gud, sjå alt er ditt.

 

Ja, alt du skapte såre godt –
Sjå dogga skin i graset vått!
Og epleblomen opnar seg,
det angar over all min veg.

 

I bakken min konvallen står
og blømer denne unders vår.
No verda mi er fødd påny
og himlen speglar sol i sky.

 

Og elva brusar stor og tung,
og bekken klukkar kåt og ung.
Kring stubb og stein han smyg så lett
og vegen finn i skogen tett.

 

Og staren syng ved stova mi,
og gauken gjel i grøne li.
Frå fjellet store fossar fell
det søgjer i den stille kveld.

 

Ja, fjella kransar dalen inn
dei står som vern med tårn og tind.
Og brear skin på blåe fjell,
det lange skuggar blir mot kveld.

 

Takk, Herre, for den dag så mild
at eg får høyra livet til!
Så eg fekk sjå den unders tid,
og seia takk for dag som lid.