Sildesjau på Miøy

Bygd: Miøya
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna
Melodi: Melodi: Fram dansar ein haugkall av Olav Sande.....(frå Haugtussa)

Dette skreiv Anna Opstad f. Bjørnerem i 1933


No silda er komen og gjeng imot land!
Ein mann det ropar og segjer:
«Skunda dykk gutar alt kva de kan
og lat me sjå at me greier, den silda å nå,
og om det er råd, med nota
me nok skal fange ho då».
 
Han slepp å segje det to gonger på rad
at silda ved land er framme.
Dei spring då til sjøs så lystig og glad,
for ingen vil dei stå til skamme.
Her alltid det spørst kven som vart først,
det laget fær oftast den luten størst.
 
Dei skjemtar og lær og syng så glad,
med dei dreg nota i båten,
og skuvar frå land og dreg avstad
med heile notaflåten.
Dei hev slikt eit mod, og meinar som so,
dei pengar skal tene på silda no.
 
Og solglimen glitrar og silda ho sprett,
i sjøen ho leikar og dansar.
Ho skynar då lite at nokon hev rett,
for leiken å sete ein stansar.
Ja, sjøen er vid, ho kjenner seg fri,
og trur at ho det skal æveleg bli.
 
Så kjem der eit lag med nøter og båt,
i leiken med dei vil vera.
Ein båt han ror seg litt betre bortåt.
Kva er det no dei vil gjera?
Jau, lodde og sjå kor silda vil gå,
om dei med nota kan fange ho få.
 
Brått høyrest eit rop så sterkt og hardt:
«Gutar, køyr fram med nota!»
Motoren han går so alt vert snart,
dei set kringom heile ota.
Dei er ’kje seg lik - dei ropar no slik,
og måsen han sjauar med og skrik.
 
Så slepar dei nota innunder land,
der dei skal feste armen.
Sjauen høyrdest langs heile den strand,
og sildemod gjærer i barmen.
Det andre og er, som silda har kjær,
snart ute med nota dei også fær.
 
Og snart er der samla lag ved lag,
for alle vil silda hava.
Dei fer der og køyrer, det er slikt jag,
når dei etter silda skal kava.
Med dei første som kom,
vart det nok bom,
og nota deira er like tom.
 
Dei andre som no er komne til,
er ferdige så til å seta.
No fangast ho skal den vesle sild,
for ho er «dyr» skal du veta.
Ja, pengar dei slær når fangsten er svær,
og dei på silda avsetnad fer