Ræstadbygda

Bygd: Ræstad
Kommune: Midsund
Tekst: Ræstad, Otto
Melodi: Vi ere en nasjon vi med av Gretry
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s. 4



Eg elskar deg du bygda vår,
med dine fagre gardar.
Der fedrene rudde i småe kår,
og vaks seg fram til karar.
Der bestemor og bestefar
hev stræva hardt for føda,
og livde av den magre gard
med mykje stræv og møda.
 
Eg elskar dine bratte fjell,
og dine grøne lider.
Og dalen med den vesle elv,
som renn frå gamle tider.
Eg elskar og den fagre fjord
der eg som smågut reika.
Og tok meg mang ein sveitteror,
og fint med fisken leika.
 
Her ofte nok kann vere stridt,
i sær på vintertider.
Når fjorden ligg med sjøfokk kvitt,
og ryk til alle sider.
Når vestanvinden blæs so hardt,
at det i husa knakar,
og legg mot fjellet med slik fart
at det som torslått brakar.
 
Men når so våren atter kjem,
og lauvet sprett i skogen.
Då gløymer alle vinteren
og tek fram harv og plogen.
I von om rikt og fagert år
dei strævar for si føda,
og ventar på kva hausten spår:
om han gjev mykje grøda.
 
Lat bygda vår då vekse fram
i heider og i ære.
Og lat ho ikkje have skam
av deim som her skal vere.
For lat me leggja viljen til,
so vert nok alt det beste.
Ein vinn nok mykje når ein vil.
Dei ord me skal oss feste.