Romsdalsungdomen

Bygd: Romsdal
Tekst: Fladmark, Ola
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 161

Å lyft ditt andlet mot sol og dag
og smil til all tvil og vè.
Stend ungdom – nokre hundrad ilag
vert tusen sterke derved.
Der ungdomen vyrdslar med gamal jord,
det gror, det gror,
med livsens lovnad um lukka stor.
 
Her mykje er som må skiftast ut
og mest i vårt eige sind.
Men snøen brånar på høge nut
for løysande vårleg vind;
og jorda vermest, det bryt og sprett
og leikar lett,
av tusen liv, som frå ett til ett.
 
Og tusen hugmål fær liv påny
der ungdomsflokken gjeng på.
Dei stig som lerka mot kveldsljøs sky
 -  Sjølv er dei ein himmel blå.
Men attum raudnande sky i brand,
mot himmelrand,
ligg Romsdalsbygdin – ditt eige land.
 
Å ungdom! – reis blott på draumeferd
på flukt over moar og tind.
Ditt Romsdal er altid slik reise verd
-   eit venare du aldri finn.
Og alt dette vene som bøgda gav,
med fjellgard og hav,
skal Romsdalsungdomen spegla av.
Skal Romsdalsungdomen spegla av!