Romsdalssongen

Bygd: Romsdal
Tekst: Bårdsnes, Ola
Melodi: trad. Høye fjell
Kjelde: Årbok for Rauma 2010, s. 206



Raumariket frå gamalt av,
romsdøler aldri deg gløymer,
Du er heimen som Gud oss gav;
gildt om di framtid me drøymer.
Her vil me leva til jorda di trufast oss gøymer.
 
Øyar, fjordar og nes og vik,
dalar med skogklædde lider,
høge fjell, som er kjempor lik,
storkna frå eldgamle tider,
slik er du Romsdal, der raumene bygde umsider.
 
Spør dei gamle – dei svarer deg:
Ja, her er jorda dei rudde.
Far og son gjenom tusen led,
rudde og bygde og budde.
Tungt var det ofte, men glad dei på framtida trudde.
 
Langt der ute ved ytste øy
fiskaren stridde mot havet;
mang ein ungdom so brått laut døy,
slukt av det glupande kavet.
Stilt kom dei heimatt dei andre som høyrde til laget.
 
Men me elskar vår fedrejord,
me vil ho rydja og dyrka;
vent skal heimen ved Romsdalsfjord
smila i helg og i yrka;
og over heimen skal kvila Guds fred ifrå kyrkja.
 
Me vil vyrdsla um arven stor,
målet åt fedrane æra,
aldri gløyma det her på jord
då veit eg fram det skal bera.
Romsdøler er me og romsdøler det vil me vera.