Romsdalssong : Innfjordsong

Bygd: Innfjorden*
Kommune: Rauma
Tekst: V.
Melodi: Blandt alle lande av H. Matthison-Hansen
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 238-39

*Vil ein synge denne songen ved andre høve, kan ein bytte ut Innfjords- med andre bygder, t.d. Tresfjordsbygd osb.

Skriven i Innfjorden mai 1931



Kor du er fager vår Innfjordsbygd
med fjell umkransa – og liv i trygd,
med heimar vene
og markar pene
i heimebygd.
 
Kor du er fager med sus i li
ein vinterdag her med gut på ski
og soleglime
i middagstime -
um kaldt kan bli.
 
Men fagrast er du i vårdags skrud
med blomeprydnad – rett som ei brud
og lier grøne
og song på møne
med pris for Gud.
 
Kor du er fager ein sumarkveld,
når kveldssol glimar i alle fjell!
Kvart strå seg voggar,
mens jorda doggar
kvart bakkehell.
 
Ein haustardag – å kor fin du er
med åkrar gule og eple – ber!
Um storm frå vesten
kjem seint på hausten
her trygt lel er.
 
Å Romdalsfjord – å kor fin du er
når fjell og lier seg speglar der!
Men sume tider
i uvers-rier
au morsk du er.
 
Av alle bygder i aust og vest,
er Innfjord bygda mit hjarte nest.
Når deg eg saknar,
då lengsel vaknar
som aller mest.
    
Her fedrar stridde i tusen år.
Mit liv, mit arbeid her ut eg sår.
Um inkje dunar
det litt lel munar
kvart år som går.
 
Kvar helst eg ferdast i sør og nord,
eg aldri gløyme vil denne fjord!
For folkelynne
hev same sinne
som far og mor.