Romsdalsminne

Bygd: Romsdal
Tekst: Brastad, Palma
Melodi: Hjelvik, Johan
Kjelde: Jul i Romsdal 2004 s. 32

Skriven i 1951


Romsdal, min heimstad med fjorder og tindar.
Med smilande grender, der fjelli er grinder.
Der fossande elvar som brudeslør fell
og knuser seg sund mot det steinharde fjell.
Min heimstad du er, og du er meg so kjær
slik som du er.
 
Om vinteren du fager i kvitkåpa står.
Enda fagrar’ du klær deg til vår.
Når liene grønast, og graset det gror
og elvi ho fossar i fjorgamle spor.
Slik hev du vore og slik vil du bli
heile di tid.
 
Som vakt ut mot havet til Romsdalen inn
ligg holmar og skjer i den stormande vind
og Stemshesten kneggjar mot Hustadviks brann,
eit merkje for sjøfolk som styrer mot land.
Ein utpost mot hav, det stormande kav
som blei mange si grav.
 
Men kjem du til Romsdal en sommardag fin
når sola med gullglans på glasaugo skin
og høyet ligg nyslått og angar på bø
og guten han fiskar på blikkstille sjø.
I din speglande våg, alle din venleik eg såg
og i hugen blei fjåg.
 
Og viss slik en dag du på setera går
der fjellvatnet glitrar og lufta er klår
og fjellbekken rislar og klukkar sin song.
På stølen er lokking og kubjelleklang
Der finn du deg ly, frå larmen i by
oppå fjell høgt i sky.
 
Og bonden han går so trutt bak sin plog
mens fiskaren storfisk frå havdjupet drog.
I heimen går kona i stabbur og fjøs
For maten skal lagast, og kua gis bøs.
So gladlyndt og blid dei vaktar si tid.
Det er kvardagens strid.
 
I fjellheimen din hev du bautastein fått
med «Trolltind» og «Hornet» mot skyene flott.
Den snøkrynte «Konge» og «Dronning» er med
og «Bispen» han står der og lyser din fred.
So høgreist og fritt, du deg sjølv hev oss gitt
du fjellriket mitt.