Romsdalsfjella

Bygd: Romsdal
Tekst: Skeidsvoll, Eli
Kjelde: Unge Romsdal 1930 s. 9

Fyrste gong trykt i Ung Norig 1921
Såg du Romsdalsfjella i solljos ein dag
eg veit du deg kjenner i hovdingelag:
Du drøymer deg yver alt strev i dalen
og inn i den strålande riddar-salen,
der sessa du er millom kongar som gjest,
i snøkvite kåpor til strålande fest.
 
Såg du Romsdalsfjella når sola gjeng ned,
ditt hjarta vert fyllt av ein drøymande fred:
Di sjel liksom sviv gjenom stråle-eimar,
og skodar dei skiraste venleiks-heimar;
du kjenner deg lyft yver tid, yver grav,
der inni det bivrande solstrålehav.
 
Såg du Romsdalsfjella i haustsvarte natt,
du trur deg nok inne i trollheimen radt:
Det kryr og det tassar av redde tankar,
som fredlause kringum i myrkret vankar;
du ser dei tek skapnad av tussar og troll,
og liknande herk som er kome av mold.
 
Såg du Romsdalsfjella i storstorm og regn,
du kom til å tenkje på sogur og segn:
Du havrisar ser upp frå bylgja stiga,
som maktar med fælaste stormen å kriga!
Du ottast ei makt som er oveleg stor,
og bøygjer deg audmjuk og liten mot jord.
 
Såg du Romsdalsfjella ein måneskinskveld,
det er som eit dekke frå augorne fell:
Du ser gjenom eim yver døkke dalar
og inn i dei dulde, dei ljose salar,
der huldra trør dansen i blåstakken sin,
og fossegrim spelar på sylvharpen fin.
 
Um du heim att kom i frå framande stad,
og såg att dei fjella, eg veit du vart glad:
Ditt hjarta vert lyft yver alt som sårar
dei sælaste kjenslor i barmen bårar.
Der ute du kjende deg einsleg og arm,
no er du so sterk og so vonfull og varm.