Romsdals-song

Bygd: Romsdal
Tekst: Oterholm, Olav
Melodi: Thorolf Høyer-Finn, (opptak fra konsert 1992. Molde damekor/Fuglset mannskor dir Henry Vike)
Kjelde: Unge Romsdal 1931, s. 169-70



Ver helsa fagre strender
i krans kring Romsdalsfjord!
Ver helsa kjære grender,
du gamle fedrejord.
Det tonar i vår bringe:
Du Romsdal er oss kjær,
og høgt ditt namn skal klinge
frå fjell til ytste skjer!
 
Du gav oss sterke syner
frå stor og rik natur:
Sjå sola glør og lyner
på toppar over ur.
Dei ljose bjørkelundar
hev kransa knaus og koll.
I dalen elva skundar
langs eng og blomevoll.
 
Der ute havet rullar
og bryt mot nakne strand.
Men høyr kor lint det sullar
i lengt ved kveldsol-brand.
Og fjorden inn seg vender
med bråe bratte djup
han speglar blide strender
og mørke tunge stup.
 
Du Romsdals fylke kviler
i gamal sogeglans,
som vesle Veøy smiler
og lyfter minnekrans.
Kring Sekken susar minne
om Håkons siste ferd.
Og Klungnes lenger inne
hev fostra opp han Per.
 
Og trugne arbeidshender
i strev på sjø og land,
dei bygde desse grender
frå dal til ytste strand.
Det gamle fedreyrke
oss enno kallar på:
Vår heim, vår jord å dyrke
og pløgje bylgja blå!
 
Som Romsdalshorn kan spane
seg høgt i lufta blå
dei gamle fjell skal mane
til traust i strid å stå.
Som havet syng ved Ona
og bryt på Hustadvik,
me djervt må våge vona
i verk for framtid rik!
 
Å, øyamenn og fjordmenn
me knyter syskenband
og vil som gode nordmenn
få byggje Noregs land.
Gud sign vårt vesle yrke,
vårt folk, vår heim, vår bygd.
Du gi oss mot og styrke,
du gi oss fred og frygd.