Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Ødegård, Arne K.
Melodi: Blandt alle lande av H. Matthison-Hansen
Kjelde: Korsong i Romsdal, 1985

Arne K. Ødegård var frå Fræna, men budde og hadde arbeidet sitt i Molde. Både faren, Knut, og sonen, Knut, er elles kjende kulturpersonar i Romsdal.


Du fagre Romsdal med fjell og fjord,
med utmarksvidde og dyrka jord.
Her vil me leva.
Her vil me streva
med jord og ord.
 
Om so me reiste til alle land.
Ein stad som Romsdal me aldri fann,
med gode minner
frå fjell og tinner,
bygde, hav og strand.
 
I Romsdal allting har stemme fått.
Det syng i mot oss frå stort og smått.
Naturlyrikken,
og all musikken,
me kjenner godt.
 
I Romsdals bygder og byens folk,
dei treng kvarandre kvar tidebolk.
Må saman vandre,
forstå kvarandre
forutan tolk.
 
I bygd og by og på sjø og land
i Romsdal folket sitt arbeid kan.
I alle yrke vil kunnskap styrke
vårt kulturland.
 
Ja, romsdalsfolket vil opp og fram.
Om det går sakte er inga skam.
Det som skal gjerast, det må vurderast
med tankar fram.