Romsdal
Bygd: Romsdal
Tekst: Bårdsnes, Ola
Melodi: Borghild Tonberg
Kjelde: Den 17de Mai, 4. jan. 1926
Songen "Romsdal" var trykt første gongen i Romsdals Budstikke 5.9.1923. Ola var nok ikkje heilt nøgd med songen sin, og drygt to år etter hadde han ferdig ein ny versjon med mange endringar. Den sende han til målavisa Den 17de Mai i Oslo, som trykte songen 4.1.1926. Den 14. januar stod det i Romsdals Budstikke ei kort melding frå Ola til dei som hadde gøymt på avisteksta frå 1923: Ein omarbeidd versjon av songen var no trykt i Den17de Mai, og "slik som songen er der, skal den vera".
Her har vi likevel gjort ei endring: I Den 17de Mai er songteksta skriven med aa og ikkje å (med eitt unntak), endå å-en blei offisielt innført i norsk med 1917-rettskrivinga. Den 17de Mai tok likevel ikkje å i bruk før langt ut i 1930-åra. Ola skreiv sjølv å til vanleg, også i den første versjonen av "Romsdal" frå 1923.
Både i første og andre versjonen av «Romsdal» viser Ola Bårdsnes til «Høie fjell, det gjør himlen trang» som tone. Denne songen av Olaf Skavlan var mykje sungen i si tid, og hadde ingen eigen melodi. Truleg er det tonen til folkevisa «Falkvor Lommannsson» som har vore brukt, for den høver som hand i hanske. (Det same gjeld «Utsyn frå Sekken», ein annan bygdesong i denne samlinga.) Borghild Tonbergs melodi som er attgjeven her, stod først på trykk i Jul i Romsdal 1992, s. 26. Kjelde for alle opplysingar om både tekst og melodi: Odd Sørås.
Tonen til "Folkvor Lommannsson" ligg i lydfil nr 2.

