Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: K. N.
Melodi: Herman Dahle
Kjelde: Unge Romsdal 1932 s. 33

Sjå fjellgarden høg med urer og flær,
med Hornet og Vengjatind.
Sjå fjorden med øyar, holmar og skjer,
og havgar’n i vestanvind.
Frå Aursjø i aust til Harøy i vest,
frå Rekdal i sud til Hustad og Bud
me haustar av strev som fedrar oss gav
ei signing på land og hav.
 
Um Vika i mørker frådar mot land,
enn longt blinkar Ona fyr.
Or havet gjev Gud oss rikdom i hand,
men stundom vert fengdi dyr.
Når sjøen gjeng høg med skavlar og brot
og heimfolket ligg i bøn og i gråt,
på tilja stend dølen, roleg og hag
og strir i det ville jag.
 
Kong Nokve mot Harald Hårfager fall
i strid for sitt fagre land.
Men endå um Veøy kongsgard er all,
der møtast båd bygd og strand.
Og krev gamle Noreg endå vårt blod,
me stend liksom Per og Dreyer dei stod
og hugheilt med gjev båd hjarta og hand
for deg, du vårt gjeve land.
 
Me elskar deg Romsdal, du er den stad
som fyllte vårt sinn, vår hug.
Du nørde vårt mod og gjorde oss glad
og auka vår dygd og dug.
Me ærar vår arv og krever din rett,
og bløma du skal frå ætt og til ætt,
so lenge som Rauma fossar mot fjord,
me odlar vår fedrajord.