Romsdal min heim

Bygd: Romsdal
Melodi: Astrid, mi Astrid/ folketone



Romsdal min heim med dei verharde strender,
sjøslitne holmar der tungalda bryt.
Vidt hev eg fare, men heimatt eg vender,
heimatt du kallar og heimatt eg lyt.
Vogga mi stod i eit land utan like.
Romsdal min Romsdal min heim og mitt rike.
 
Havet som glimar i sol under åror,
folket i arbeid frå morgon til kveld.
Fisken som blenkjer som sylv gjennom båror,
øyar og holmar og snøklædte fjell.
Siglar du fram for meg land utan like,
Romsdal min Romsdal min heim og mitt rike.
 
Blomane angar frå eng og i bakke,
dagen hev trøytna og søv ved din barm.
Sumarnatt sveiper sitt slør om din nakke,
fangar og kjæler deg blidt ved sin arm.
Seg, hev du trylt meg du land utan like,
Romsdal min Romsdal min heim og mitt rike
 
Himmelen eig du så blå som eit under
endå om skodda stend aldri så grå.
Tankane lengtar i heilage stunder.
deg vil dei finna, deg vil dei nå.
Kven kan vel gløyma deg land utan like.
Romsdal min Romsdal min heim og mitt rike.
 
Heil deg min Romsdal, som storhavet vogga,
møt meg med måsar i svingande flåg
Heil deg når morgonen lyngtoppen dogga,
heil når det kveldar med snøstorm og fok.
Heil deg min Romsdal, du land utan like
Romsdal min Romsdal, min heim og mitt rike