På vakt vest for Ona

Bygd: Ona
Kommune: Sandøy
Tekst: Sølvik, Kristoffer
Melodi: etter Magny de la Nuez
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s, 1

Første gong utgitt i Romsdølen, bladet til Romsdalslaget i Oslo


Sjå blinkfyra strålar i blåsvarte natt
og garnlenkja driver for stamnen,
der kabelen inn gjenom blokka er lagt,
han kausar og knest i kvar famnen.
I slingringa mesanen kastar og slær,
og kring meg dei tusen av ljosblink eg ser
frå flåten som driv vest for Ona.
 
Åleine eg står her i kolsvarte natt
med storbåra skolar kring båten.
Det susar i riggen, det dunker i ratt,
det blinker frå drivande flåten,
der båra deim rullar og lyfter mot sky,
dei tusen lanterner, ein blinkande by
på havet der langt vest for Ona.
 
Eg ser rundt i byen – ein underleg by
med gator so breide og store.
Snart løfter seg ljosa mot fjukande sky
snart svinn dei nedunder ei båre.
Ein lunefull by på eit lunefullt hav,
tvo plankar er alt millom livet og grav
i byen der langt vest for Ona.
 
Ja, sanneleg er det ein underleg by,
dei voggande ljosa herute.
Her bur ikkje dei som hev rikdom og ry,
dei trivs ‘kje umbord i ei skute,
der storsilda spralar og bivrar og skin
og bråttsjøar velt over plankane inn,
i byen her langt vest for Ona.
 
Her er ingen sakførar, skrivar og fut,
her trippar ‘kje snobben i gata.
Her råder åleine den verbitne gut
Som pløgjer den voggande flata.
Du møter han sjeldan i finare lag,
kan hende han oftare går over stag
i snøfokk her langt vest for Ona.
      
Og Ona – ho lyser i kolsvarte natt,
ho vinkar til oss langt herute,
gjev peiling for kursar for mannen ved ratt,
og rettleider farande skute.
So trufast ho står på si einslege vakt
Og blinkar sitt varande: Ta deg i akt
for fallgarden her vest for Ona.
 
Å stråler! ber helsing til grånakne øy,
der mor må med hjartebank vente.
Og kanskje de der finn ei lengtande møy,
ein fiskarguts trufaste gjente.
Dei ottast for guten på hivande dekk
og minnest den båten som eingong kom vekk,
på havet – der langt vest for Ona.