På Tiltereidet

Bygd: Tiltereidet
Kommune: Nesset
Tekst: Hyldbakk, Hans

Så kjem eg atter over Tiltereidet
 -  den gamle vegen der kong Nokkve for.
Frå dalen lyfter dei seg allereide,
dei vårblå veggene kring Eirisfjord.
 
Og der ligg fjorden med si solfangsflate,
den lange fjorden med si holmheimstrand.
Han glitrar mot meg som ei solgullgate
i sommarljoske ut mot livsens land.
 
I soldishildring ut mot havdørsglaupet,
i brisingblåne som ein jonsokkveld,
eg skimtar symjande i vesterlaupet
tritakkuttindane av Tresfjordsfjell.
 
I lågfjellt lende kringom Eidsvågleira
ligg hugnadsheimane i hundradtal.
Sjå sola kysser kvite veggen deira
og skjenkjer glede or sin gullpokal.
 
Eg stoggar gonga mi og let meg grøte.
Det syng velkomen ifrå vang og vik.
Gud signe dagen og mitt morgonmøte
med deg mitt lende som er ingen lik.