På sætra

Bygd: Nakkedalen
Kommune: Vestnes
Tekst: - d -
Melodi: Guttorm Roaldsnes Ulvund. Opus 102
Kjelde: Unge Romsdal 1931 s. 113



Stilla kviler over stølen,

skuggen kjem med lette steg.
Sval er kvelden etter ølen
som i dag var grueleg.

 

Snart du ser den siste stripa
sol som kverv på Nakkefjell
Røyken stig so lun frå pipa
åt det vesle sætertjeld.

 

Sætergjenta gjeng og stullar
ung og glad i selet sitt.
Og ein liten song ho sullar,
tonen kling so lett og fritt.

 

Stundom skyggjer ho mot høgda
der ho ventar kyrne frå,
glytter stundom ned mot bøgda.
Tru kva der ho ventar sjå?

 

Og ho kallar og ho lullar
so det svarar i kvar nut,
og ein liten song ho sullar
som ho lærde av sin gut.