På gamle tufter

Bygd: Hovdenakken
Kommune: Molde
Tekst: Hovdenak, Gudmund
Kjelde: Jul i Romsdal 1985, s. 14

Eg raklar kring her på barndomstufta
og vender blad i ei minnebok.
Eg minnes dåmen, eg minnes dufta,
det grip om hjertet på ein gammal krok.
Det er så rart med den heimelufta,
ho gjer ein kar mindre kald og klok.
 
Me rak omkring her på rappe føter
i fjell og fjøre då me var små.
No er det minne eg går og møter
i kvar ein stein og i kvart eit strå.
For eg og skogen har seige røter
om lauvet gulnar og eg blir grå.
 
Me for på langferd i Ranesfjøra
og samla sauskjel og kokkelur,
og trong me utsyn gjekk me på Røra,
det var ein høveleg søndagstur.
No bankar minna så stilt på døra
og syng ei vise i moll og dur.
 
Det hendte leiken gjekk vill og farleg
når flåten flaut og me var om bord.
Me gløymde tida. Det var kje snarleg
med reva brok me kom heim til mor.
No kviskrar vinden så lett og varleg
om øy og oddar, om fjell og fjord.
 
Men Geitneselva var sjølve draumen,
eit dikt om dåd og om eventyr,
for Fossen kunne gå kvit i flaumen,
og der var skogar med ville dyr.
No flyt ho stille i minnestraumen
bort gjennom kjerr, over berg og myr.
 
Og Vågen yrte av liv og spenning
når Langfjorddampen kom sigand inn,
og arbeidsfolk gjorde klar ei sending
frå stolfabrikken der me stabla pinn.
På kaia måtte me då ein vending.
No ligg alt nede for ver og vind.
   
Snart gror det gras over alle minne,
og foten finn seg vel snart eit far
dit alle fer når vår tid er inne.
Ein åker ventar bak grind og gard.
Men stryk no sommarvind over kinnet
og syng meg visa om det som var.
 
Her blømer blåkoll langs ei åkerreine,
og sola stryk over skrukket skinn.
Eg går og raklar her helt åleine
og opnar attstengte minnegrind.
No kan dei andre få tru og meine,
eg nøyer meg med ein sommarvind.